Praktblomsterborar (Diglossa gloriosissima) er ein fugl i tanagarfamilien. Han er endemisk for Colombia. Han var sist registrert i 1965 til han vart gjenoppdaga i 2004. Utbreiingsområdet er høgtliggande og vanskeleg tilgjengeleg.
Skildring Dette er ein mellomstor blomsterborar, ca. 14 centimeter i kroppslengd og han veg ca. 14 gram. Fjørdrakta til vaksne fuglar er gjennomgåande svart med klår, kastanjebrun buk og undergump, samt ein karakteristisk lys blå skulderflekk. Nebbet er mørkt og litt oppeikande med ein krok i enden.
Arten er registrert med to åtskilte lokale populasjonar, som to underartar. Nominatforma finst i Cerro Munchique i Cauca-departementet, den andre underarten lever i nordre Antioquia-departementet. Totalt utgjer det 90 km². Her lever dei i våt krattskog og dvergskog, frå 3000 til 3800 moh.Hilty, 2011
Populasjonen er estimert til å ligge i området 1800-10000 individ og trenden er ukjent. Arten er klassifisert som nær truga (NT).BirdLife International (2019)
Kjelder Hilty, S. (2011). Chestnut-bellied Flowerpiercer (Diglossa gloriosissima) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. november 2015 Referansar
Bakgrunnsstoff
Bilete på Flickr.com Henta den 8. november 2015
Kategori:Tanagarfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia