mini|Ohma Electra

Ohma Electra er eit vekselstraumslokomotiv som står på campus Gløshaugen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Lokomotivet tilhøyrer Sanctus Omega Broderskab.

Originalt vart lokomotivet kalla nummer 3, og var eit av dei tre fyrste lokomotiva i drift på Thamshavnbanen i 1908. Lokomotivet vert rekna som eit av verdas første, vellukka vekselstrausslokomotiv. Lokomotivet er 7,67 meter langt. Det kom til Gløshaugen 14. september 1972, og står på ein 20 meter lang skinnegang. Lokomotivet kan framleis køyre.

Ohma Electra er i dag, i lag med systerlokomotivet nr 2, verdas eldste vekselstraumslokomotiv i bruk.

Kjelder

Kategori:Norske elektriske lokomotiv