«Blues in the Night» er ein populær blues song som har blitt ein popstandard og som vert rekna å høyre til Great American Songbook. Musikken vart komponert av Harold Arlen og teksten skriven av Johnny Mercer for ein film frå 1951 som hadde arbeidstittelen Hot Nocturne, men som kom ut som Blues in the Night. Songen vert sungen i filmen av William Gillespie.

Bakgrunn Arlen og Mercer skreiv all musikk for filmen Blues in the Night. Ein song dei vart beden om å skrive, var ein bluessong som skulle syngast frå ei fengselcelle. Som vanleg med Mercer, skreiv komponisten musikken før, og så skreiv Mercer teksten etterpå. Arlen sa,

Heile saken kom berre rennande ut. Og eg kjende det i mangen, utan å tenke kva Johnny kom til å skrive av tekst, at dette var sterkt, sterkt, sterkt! Då Mercer skreiv «Blues in the Night», gjekk eg gjennom teksten hans og eg byrja å nynne songen over pulten hans. Det høyrdest fantastisk ut når eg kom til det andre verset, men at dei første tolv var svak te. På den tredje eller fjerde sida av kladdearka hans såg eg nokre linjer - ei av dei var «My momma done tol' me, when I was in knee pants.» Eg sa «Kvifor prøver du ikkje det?» Det var ein av særs få gonger eg foreslo noko slikt for John

Då dei var ferdig å skrive songen, ringde Mercer ein ven, songar Margaret Whiting, og spurte om dei kunne kome og spele songen for ho. Ho foreslo at dei kunne gjere det fordi ho hadde Mickey Rooney, Judy Garland, Mel Tormé og Martha Raye til middag. I staden kom Arlen og Mercer heim til ho same kvelden. Margaret Whiting sa:

Dei kom inn bakdøra, sette seg ved pianoet og byrja å spele «Blues in the Night». Eg vil alltid hugse reaksjonen. Mel reiste seg og sa «Eg kan ikkje tru det.» Martha klarte ikkje å sei eit ord. Mickey Rooney sa «Det er det beste eg nokon gong har høyrt.» Judy Garland sa «Spel han ein gong til.» Dei spelte songen sju gonger. Judy og eg sprang til pianoet for å sjå kven som klarte å lære songen først. Det var ein herleg kveld.

I 1941 var «Blues in the Night» ein av ni songar som var nominert til Oscarprisen for beste song.

Innspelingar

Versjonar på singellistene Versjonar som har gått inn på singellistene i USA vart gjort av Woody Herman, Dinah Shore, Jimmie Lunceford, Cab Calloway, Artie Shaw og Rosemary Clooney. Versjonar som gjekk inn på singellista i Storbritannia vart sungen av Shirley Bassey og Helen Shapiro.

Woody Herman-innspelinga vart spelt inn av Decca Records med katalognummer 4030.Decca Records in the 4000 to 4461 series Denne gjekk inn på Billboard-lista den 2. januar 1942 og gjekk til toppen av lista.

Dinah Shore-versjonen recording gjekk inn på lista den 13. februar 1942 og låg inne i sju veker, med ein fjerdeplass som høgaste plassering.

Jimmie Lunceford-versjonen vart gjeven ut på Decca Records og gjekk inn på Billboard-lista den 30. januar 1942, og låg der i fem veker, med ein fjerdeplass som høgaste plassering.

Cab Calloway-versjonen vart gjeven ut på OKeh Records og gjekk inn på Billboard-lista den 6. mars 1942, og nådde åttandeplassen..

Artie Shaw-versjonen kom ut på RCA Victor Records og gjekk inn på Billboard-lista den 21. november 1941 og nådde tiandeplassen..

Rosemary Clooney kom ut på Columbia Records og gjekk inn på Billboard-lista den 26. september 1952 og nådde 29. plassen.

Andre versjonar Jo Stafford i 1943, i 1959 og 1995. Chicago på albumet Night and Day i 1995. Frank Sinatra - Sinatra Sings For Only The Lonely (1958) Arlen sjølv spelte inn songen i 1966 på albumet Harold Sings Arlen. Larry Adler and the John Kirby Orchestra (20. januar 1944)Decca Records in the 23500 to 23999 series) Luis ArcarazRCA Victor Records in the 20-4000 to 20-4499 series) Louis Armstrong (1957) Charlie Barnet and his orchestra (5. oktober 1941) Shirley Bassey Tex Beneke (som «Blues in the Night March», på RCA Victor Records) Tony Bennett på The Beat of My Heart (1957) Sam Butera (1964) Cab Calloway and his orchestra (vokal: Calloway & The Palmer Brothers) (10. september 1941) Eva Cassidy Rosemary Clooney med Percy Faith's orchestra (April 1952) Bing Crosby og John Scott Trotter's Orchestra (27. januar 1942) Doris Day Jula de Palma på albumet Jula in jazz (1958) Ella Fitzgerald på Ella Swings Lightly (1958) og Ella Fitzgerald Sings the Harold Arlen Songbook (1961). Judy Garland and the David Rose Orchestra Benny Goodman and his Sextet (vokal: Peggy Lee & Lou McGarity) (24. desember 1941) Bob Grant (1. juli 1944) Woody Herman and his Orchestra (vokal: Woody Herman) (10. september 1941) Harry James and his orchestra (30. desember 1941) Quincy Jones - versjonen hans er nytta i filmen Ocean's Eleven (2001) Ledisi, We All Love Ella: Celebrating the First Lady of Song (2007, Verve) Little Milton, We're Gonna Make It (1965, Chess) Guy Lombardo's Royal Canadians (vokal: Kenny Gardner, 27. januar 1942) Julie London Clyde Lucas and his orchestra (vokal: Eadie Lang) (November 1941) Jimmie Lunceford and his Orchestra (vokal: Willie Smith; 22. desember 1941) Nellie Lutcher Katie Melua (Piece by Piece, 2005) Johnny Mercer Johnny Mercer, Jo Stafford og The Pied Pipers (1943) Van Morrison med Georgie Fame (1995) på How Long Has This Been Going On Art Pepper med strykarar i 1980 p åalbumet Winter Moon Betty Reilly Helen Shapiro Artie Shaw and his Orchestra (vocal «Hot Lips» Page) (2. september 1941) Dinah Shore (12. januar 1942) Kate Smith (12. februar 1942) Alec Templeton (pianoinstrumental, 21. februar 1942) Cal Tjader (arr. Clare Fischer) - Cal Tjader Plays Harold Arlen (juni 1960). Joe Turner med Freddie Slack Trio (28. januar 1942) Joe Turner med Howard Biggs' Orchestra (22. januar 1958) Fred Waring's Singers (23. juni 1942) Ann Hampton Callaway på albumet hennar med same namn Blues in the Night i 2006. Lynda Carter i 2009 på albumet At Last. Sylvia Brooks på albumet hennar Restless, 2012

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Blues in the Night» frå , den 31. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1941 Kategori:Songar med musikk av Harold Arlen Kategori:Songar med tekst av Johnny Mercer Kategori:Popstandardar Kategori:Songar om tog Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Frank Sinatra-songar Kategori:Dinah Shore-songar Kategori:Eva Cassidy-songar Kategori:Woody Herman-songar Kategori:Cab Calloway-songar Kategori:Artie Shaw-songar Kategori:Rosemary Clooney-songar Kategori:Jo Stafford-songar Kategori:Chicago-songar Kategori:Larry Adler-songar Kategori:Louis Armstrong-songar Kategori:Shirley Bassey-songar Kategori:Tony Bennett-songar Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:Doris Day-songar Kategori:Ella Fitzgerald-songar Kategori:Benny Goodman-songar Kategori:Quincy Jones-songar Kategori:Little Milton-songar Kategori:Julie London-songar Kategori:Katie Melua-songar Kategori:Johnny Mercer-songar Kategori:Van Morrison-songar Kategori:Georgie Fame-songar Kategori:Art Pepper-songar Kategori:Helen Shapiro-songar Kategori:Cal Tjader-songar Kategori:Big Joe Turner-songar