«Look Away» er ein song frå 1988 av det amerikanske rockebandet Chicago. Han er skriven av Diane Warren og produsert av Ron Nevison. Det var den andre singelen frå albumet Chicago 19. Songen er sungen av Bill Champlin og toppa Billboard Hot 100 i to veker i desember 1988 og vart den tredje singelen deira som klarte dette, etter «If You Leave Me Now» (1976) og «Hard to Say I'm Sorry» (1982). «Look Away» var den sjuande Chicago-songen som nådde toppen av Adult Contemporary-lista Powerballaden vart rangert på toppen av årslista til Billboard Hot 100 i 1989.

I motsetnad til dei tidlegare hittane til Chicago, er ikkje songen dominert av blåsarar. Det var òg den første songen til bandet som nådde toppen av lista etter Peter Cetera slutta i gruppa i 1985.

Innhald 7" vinyl; kassett

Lister

Vekeslister Lister (1988/1989) PlasseringBelgia (Flandern) (Ultratop 50)20 Canada (RPM)1 Nederland10 Sverige (Sverigetopplistan)15 UK Singles Chart77 US Billboard Hot 100 1 US Adult Contemporary (Billboard) 1

Årslister Liste (1989) PlasseringUS Billboard Hot 1001

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Look Away» frå , den 30. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1988 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Chicago-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar skrivne av Diane Warren Kategori:Rockeballadar Kategori:Balladar frå 1980-åra Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar produserte av Ron Nevison Kategori:Full Moon Records-singlar