«Niagara Falls» er den fjerde singelen til det amerikanske rockebandet Chicago, frå albumet Chicago 18 i 1986. Jason Scheff og Bill Champlin delte på å synge songen. Bandet stava «Niagara» feil som «Niagra», og dette kan ein sjå igjen i titlane på albumet og musikkvideoen.

Etter suksessen med singlane «Will You Still Love Me?» (3. plass i USA) og «If She Would Have Been Faithful...» (17. plass), nådde «Niagara Falls» berre 91. plassen på Billboard Hot 100-lista.

Video Som dei fleste av musikkvideoane til Chicago seint i 1980-åra var det mange forskjellige folk i videoen. Hovudsoga omfatta eit par som prøvde å få ting til å fungere. Bandet er ikkje med i videoen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Niagara Falls (Chicago song)» frå , den 30. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Chicago-songar Kategori:Songar skrivne av Steve Kipner Kategori:Songar produserte av David Foster