Chicago VI er det femte studioalbumet til det amerikansk rockebandet Chicago, gjeve ut i 1973.
Bakgrunn Etter å ha spelt inn dei første fem albuma i New York City, fekk produsenten James William Guercio bygd sitt eige Caribou Studios i Nederland i Colorado i 1972. Det var ferdig i tide til at bandet kunne spele inn det sjette albumet sitt der februar i året etter. Det vart verande basen deira dei neste fire åra.
Robert Lamm skreiv halvparten av songane på albumet, mellom anna svaret hans til somme av dei negative musikkjournalistane i Chicago, «Critics' Choice». James Pankow skreiv dei to hittane på albumet, «Just You 'N' Me» (#4) og «Feelin' Stronger Every Day» (#10). Sistnemnde vart skriven i lag med Peter Cetera, som òg skreiv «In Terms of Two».
Albumet kom ut i juni 1973 og vart nok ein salssuksess. Det låg fem veker på toppen av albumlista i USA.
Albumet vart miksa og gjeve ut i både stereo og kvadrofonisk lyd. I 2002 vart Chicago VI gjeve ut med nymastra lyd av Rhino Records, med to bonusspor: ein Terry Kath-demo kalla «Beyond All Our Sorrows», og ei innspeling av Al Green sin «Tired of Being Alone», teken frå fjernsynsspesialen «Chicago in the Rockies» i 1973. I 2013 vart det gjeve ut ein Hybrid SACD av Mobile Fidelity Sound Lab.
Innhald
Medverkande Chicago
Peter Cetera – bass, solo- & korvokal Terry Kath – elektrisk & acoustic gitarar, slidegitar, solo- & korvokal Robert Lamm – piano, Hammondorgel, clavinet, Wurlitzer elektrisk piano, Fender Rhodes, synthesizer, Hohner Pianet, solo- & korvokal Lee Loughnane – trompet, korvokal, perkusjon James Pankow – trombone, blåsararrangement Walter Parazaider – saksofonar, fløyte Danny Seraphine – trommer, perkusjon
Andre medverkande Laudir de Oliveira – conga Joe Lala – conga J. G. O'Rafferty – pedalsteelgitar ukjend - munnspel på «In Terms of Two»
Produksjon Produsert av James William Guercio Lydteknikar: Wayne Tarnowski Assisterkande teknikar – Jeff Guercio Miksa av Phil Ramone Mikseassistent – Richard Blakin Plateomslag – John Berg og Nick Fasciano Fotografi av Barry Feinstein
Mottaking Lister Album ÅrListePlassering1973Billboard Pop Album1 Singel ÅrSingleListePlassering1973"Feelin' Stronger Every Day"Billboard Pop Singles101973"Just You 'N' Me"Billboard Adult Contemporary71973"Just You 'N' Me"Billboard Pop Singles4
Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIAA – USAGull18. juli 1973RIAA – USAPlatina21. november 1986RIAA – USA2x platina21. november 1986
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chicago VI» frå , den 21. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Chicago-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Album produserte av James William Guercio Kategori:Columbia Records-album