Jakoruda (bulgarsk Якоруда) er ein by og ein kommune i provinsen Blagoevgrad sørvest i Bulgaria. Kommunen omfattar byen Jakoruda og sju andre busetnader. Byen ligg ved elva Mesta i Rodopifjella, 26 km vest for Velingrad.

Jakoruda fekk bystatus 9. september 1964. Tidlegare var han offisielt rekna som ein landsby. Fleirtalet av innbyggjarane i byen er bulgarske muslimar (pomakar), medan resten for det meste er ortodokse kristne.

Kommunen har eit areal på 339 km².Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet») Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 9 581 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 4 910 innbyggjarar.

Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen er:

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet») Folketal (2021)Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet») Jakoruda Якоруда 5 792 4 910 Юруково 1 187 1 156 Конарско 968 936 Аврамово 723 699 Смолево 552 517

Kjende personar frå Jakoruda Emilia Maslarova, bulgarsk minister

Utmerkingar Yakorudabreen på Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis er kalla opp etter Jakoruda.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yakoruda» frå , den 18. oktober 2015.

Referansar

Bakgrunnsstoff Uoffisiell nettstad (bulgarsk)

Kategori:Byar i provinsen Blagoevgrad Kategori:Kommunar i provinsen Blagoevgrad Kategori:Provinsen Blagoevgrad