«James Dean» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey, Jackson Browne og J.D. Souther, og spelt inn av det amerikanske rockebandet Eagles i 1974 for albumet On the Border. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og nådde 77. plassen på den amerikanske singellista.

Songen handlar om den amerikanske skodespelaren og kulturikonet James Dean (1931–1955). Han spelte i filmar som Rebel Without a Cause, Giant og East of Eden før han døydde i 1955. Teksten «too fast to live, too young to die» syner den skadelege og farlege livsstilen hans.

«James Dean» vart spelt inn tidleg under det som skulle bli Desperado i 1973, men vart skrinlagt sidan prosjektet utvikla seg til å bli eit Ville vesten-tema. Då innspelinga byrja for On the Border, vart songen henta inn att og fullført.

B-side «Good Day in Hell» er kjend som den første Eagles-songen med Don Felder, som vart med i bandet under innspelinga av dette albumet.

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «James Dean (song)» frå , den 16. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Eagles-songar Kategori:Jackson Browne-songar Kategori:Songar skrivne av Jackson Browne Kategori:Songar skrivne av Glenn Frey Kategori:Songar skrivne av Don Henley Kategori:Songar skrivne av J.D. Souther Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Songar produserte av Bill Szymczyk