Mahis (arabisk ماحص) er ein småby i Balqa guvernement i Jordan, 10 km vest for Amman. Folketalet er kring 14 000. Fjellybyen ligg over 800 meter over havet,Indexmundi.com Online. med flott utsyn over Jordandalen, Vestbreidda og Jerusalem i det fjerne. Mahis er kjend for frukthagane sine og dei mange vasskjeldene, mellom anna Mahisfontena.

Historie venstre|mini|Gardar i Mahis mini|venstre |Mahis mot Jordandalen. Ein trur Mahis vart grunnlagd i den romerske tida, då han låg ved grensa til det jødiske Perea og Filadelfia - Amman i Dekapolis. I bysantinsk tid låg han mellom bispedømet Gadara - Salt og Filadelfia.RICERCA STORICO-ARCHEOLOGICAIN GIORDANIA XXIII - 2003 (Pdf file Research by Basema Hamarneh)

I Mahis ligg grava til Khidr, som er eit enkelt rom med ein liten hage kring og eit grønt flagg på toppen. The American Schools of Oriental Research Online To kilometer vest for Mahies ligg Wadi Shoaib der grava til profeten Shoaib, eller Jethro, ligg i følgje bibelsk tradisjon.Peterjclark.tripod.com Online.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mahis» frå , den 6. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilete av landsbygda i Mahis Profeten Shoaib - Jethro sin moské og grav

Kategori:Busetnader i Balqa guvernement Kategori:Busetnader grunnlagde på 300-talet fvt.