Johfiyah, Johfiyeh, Juhfiyah eller Juhfiyeh (arabisk جُحفية) er ein historisk og arkeologisk landsby nord i Jordan, 80 kilometer nord for hovudstaden Amman, kring 7,5 km sørvest for byen Irbid (Arabialla). Han har kring 4000 innbyggjarar.
Historie mini|venstre|Flint-dolmen i Johfiyeh i Jordan. Den vesle landsbyen har vore busett frå steinalderen til Det osmanske riket, og var ein av dei store byområda fram til dei ti romerske festningsbyane Dekapolis oppstod i romartida. Ein trur at dei fleste av dei historiske ruinane og bygningane kollapsa i eit jordskjelv som råka regionen i 747 evt. og i jordskjelv som følgde seinare.
Johfiyah ligg strategisk til på ein ås oppom fjellsletta Hauran, med utsyn mot Golanhøgdene, fjellet Hermon og Genesaretsjøen, i tillegg til foten av fjella i Ajloun i sør.
Under omajadane, trur ein at dei omajadiske herskarane kom til Johfiyeh for å jakte i den vene naturen. Ein har funne mange glastøy og keramikk frå omajadane i området.
Johfiyeh vart mindre viktig etter at senteret av det islamske kalifatet vart flytta til Bagdad.
Johfiyeh er nemnt i osmanske skattelister, som tyder at han framleis var busett fram til våre dagar.
Monument og arkeologiske funn mini|venstre|Flint-dolmen i Johfiyeh i Jordan.
Tell Johfiyeh Den gamle moskeen Den bysantinske kyrkja Dolmen: Det er mange døme på flint-dolmenar i Johfiyeh og Natifah Assieh Al Bateen Kherbet Hufa Umisrareh Rojmelaries
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Johfiyeh» frå , den 5. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Megalittiske monument i Midtausten Kategori:Busetnader i Irbid guvernement Kategori:Arkeologiske stader i Jordan