Akaba () er eit guvernement i Jordan, sør for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret er Akaba. Det er det fjerde største guvernementet i Jordan etter areal og det tiande største etter folketal.

Akaba er ein hamneby ved Raudehavet og spelar ei viktig rolle i den jordanske økonomien. To av dei tre største turistmåla i Jordan ligg i Akaba guvernement, Wadi Rum, og hamnebyen Akaba.

Geografi mini|venstre|Byen Akaba er hovudstaden i Akaba guvernement mini|venstre|Wadi Rum. Akaba guvernement ligg heilt sørvest i Jordan, og grensa til Ma'an guvernement i aust, Tafilah guvernement i nord, Saudi-Arabia i sør, Israel i vest og Akababukta i sørvest.

Historie Byen Akaba har vore busett sidan 4000 fvt., og nådde toppen sin i romartida, då romarane bygde Via Traiana Nova som endar i Akaba.

Akaba var òg åstad for somme av eventyra til sjøfararaen Sinbad i dei kjende arabiske eventyra.

I moderne historie er Akaba kjend for Lawrence av Arabia og slaget ved Akaba, eit av dei viktigaste slaga i fyrste verdskrigen i Midtausten.

Dei eldste funna skriven med arabisk alfabet var funnen i Wadi Rum i Akaba guvernement, og er datert attende til 300-talet.

Administrativ inndeling Akaba guvernement er delt inn i tre department: NahiyaArabisk namnByar og landsbyarAdm. senter1Al-Qasabah nahiyaلواء قصبة العقبةomfattar byen Akaba og tre nærliggande landsbyarAkaba2Wadi Arabia nahiyaقضاء وادي عربةomfattar ni landsbyarAl-Reeshah3Al-Quwairahلواء القويرة omfattar 15 landsbyarAl-Quwairah

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aqaba Governorate» frå , den 4. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:guvernement i Jordan

Kategori:Akaba