mini|Kart over guvernement i Jordan Jordan er delt inn i 12 guvernement (muhafazah) etter det administrative inndelingssystemet til Innariksdepartementet. I 1994 vart det oppretta fire guvernement: Jerash, Ajloun, Madaba og Akaba. Dei to førstnemnde vart skild ut frå Irbid guvernement, Madaba guvernement vart skild ut frå Amman guvernement, medan Akaba vart skild ut frå Ma'an guvernement.

Geografi Geografisk ligg guvernement i Jordan i ein av tre regionar: Nord, sentralt, eller sør. Desse tre geografiske regionane er ikkje fordelt etter areal eller folketal, men heller geografisk samanheng og avstand mellom folkesentra. Den sørlege regionen er skild frå den sentrale regionen av fjell i Moab i Karak guvernement. Folkesentera i dei sentrale og nordlege regionane er geografisk skilde av fjella i Jerash guvernement. Samfunnsmessig dannar byane Amman, Salt, Zarqa og Madaba eit stort storbyområde, påverka av Amman. Byane Jerash, Ajloun og Mafraq er i stor grad påverka av Irbid.

Guvernement i JordanGuvernementAreal (km²)FolketalUrbanLandsbygdTettleik (folk/km²)Adm. senter1Irbid1 572 1 137,100 943 000194 100723.4Irbid2Ajloun420 146 900 111 50035 400350.1Ajloun3Jerash410 191 700 120 10071 600467.8Jerash4Mafraq26 551 300 300 117 800182 50011.3Mafraq Nord28 953 1 776 000 1 292,400483 600 61.35Balqa1 120 428 000 307 400120 600382.0Salt6Amman7 579 2 473,400 2 325,500147 900326.3Amman7Zarqa4 761 951 800 899 80052 000199.9Zarqa8Madaba940 159 700 114 00045 700170.0Madaba Sentralt14 400 4 012 900 3 646 700 366 200 278.79Karak3 495 249 100 87 200161 90071.3Al Karak10Tafilah 2 20989 400 63 80025 60040.5Tafilah11Ma'an32 832 121 400 66 60054 8003.7Ma'an12Akaba6 905 139 200 119 70019 50020.2Akaba Sør45 441 599 100 337 300 261 800 13.2 Totalt88 794 6 388 000 5 276 400 (82,6%) 1 111 600 (17,4%) 71.9

Sjå òg Nahiaer i Jordan Byar i Jordan

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Governorates of Jordan» frå , den 4. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Undernasjonale område i Jordan Jordan