Dibeen skogsreservat er eit naturreservat nordvest i Jordan. Det ligg like sør for den romerske staden Jerash og dekkjer eit område på 8,5 km² med rullande åsar dekte av furu og eik. Området vart verna som eit naturreservat i 2004 etter initiativ av Royal Society for the Conservation of Nature.
Geologi og klima Bergartane i reservatet er ei blanding av kalkstein og kritthaldig kalkstein, som har blitt forma til bratte skrentar. Årsmiddelnedbøren her er 710 mm i året.
Planteliv mini|venstre Skogsreservatet har eit av dei gjenverande døma på furu-eikskog i Midtausten. Treartane i reservatet varierer med høgda aleppofuru finst i lågare høgder, ei blanding av furu og eik (aleppofuru og palestinaeik) veks i midten, og ein art av ei lita eik – Quercus infectoria – veks i høgda. Andre planter i reservatet er mellom anna orkidéar, gresk jordbærtre, pistasje og oliventre.
Dyreliv Det finst minst 17 utryddingstruga artar i reservatet. Desse er mellom andre persisk ekorn, fire typar flaggermus, gråulv og stripete hyenar. Det lever òg skogsfugl i skogen.
Sjå òg Dana biosfærereservat Wadi Mujib Azraq våtmarksreservat Aleppofuru
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dibeen Forest Reserve» frå , den 2. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Royal Society for the Conservation of Nature
Kategori:Naturreservat i Jordan Kategori:Skogsreservat