Al-Walaja eller Al Walaja (arabisk الولجة) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, fire kilometer nordvest for Betlehem. Han er ein enklave i Separasjonssonen, nær den grøne linja. al-Walaja er i dag i Betlehem guvernement og delvis i Jerusalem kommune. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 2 041, hovudsakleg muslimske innbyggjarar i 2007.
Al-Walaja vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948, i oktober 1948. Han tapte kring 70 % av landområdet sitt, vest for den grøne linja.
Historie I 1596 stod Al-Walaja oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 100 muslimske hushaldningar og ni ungkarar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, vindruer or frukttre, and geiter eller bikubar.
Seint på 1800-talet vart Al-Walaja skildra som ein «ganske stor» landsby bygd av stein.Conder og Kitchener, 1881, III:22. Sitert i Khalidi, 1992, s.322
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Al-Walaja» frå , den 1. oktober 2015. oppgav desse kjeldene: Conder, Claude Reignier and H.H. Kitchener (1881): The Survey of Western Palestine: memoirs of the topography, orography, hydrography, and archeology. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. vol 1, vol 3
s. 206-207
Bakgrunnsstoff Velkomen til al-Walaja
Kategori:Bydelar i Jerusalem Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Betlehem guvernement