Artas (arabisk أرطاس) er ein palestinsk landsby fire kilometer sørvest for Betlehem i Betlehem guvernement, sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 663 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
Historie mini|venstre|Artas, 1940 Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 32 muslimske hushaldningar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116
Fram til 1800-talet, hadde innbyggjarane i Artas ansvar for Salomodammane, ei tunikt vassystem som gav vatn til Betlehem og Herodium og Tempelhøgda eller Haram al-Sharif i Jerusalem.A Century and a Half of Women's Encounters in Artas
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja området i juli 1863,Guérin, 1869, s. 104 ff og han estimerte at landsbyen hadde kring 300 innbyggjarar. Mange av husa i landsbyen var bygde av gamle byggemateriale.Guérin, 1869, s. 108
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som «ein liten landsby høgt oppe i ei li, med gode kjelder bak.»Conder og Kitchener, 1883, Vol III, 'Urtas'. s. 27.
Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Urtas eit folketal på 433, dei fleste muslimar, medan 44 var kristne.Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem, s. 18 I folketeljinga i 1931 var folketalet i Artas 619 i 123 busette hus.Mills, 1932, s. 35
I 1945 auka folketalet i Artas til 800, alle arabarar, som eigde 4 304 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56 Av dette var 894 dekar var plantasjar og irrigert land, 644 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101 medan 54 dekar vart utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Artas, Betlehem» frå , den 1. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
F de Saulcy (1872): Voyage en terre sainte Vol 2.
, London
Bakgrunnsstoff Velkomen til Artas
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Betlehem guvernement