Moldavia (offisielt Moldova) er ein historisk region og eit tidlegare fyrstedøme i Aust-Europa, som ligg mellom Aust-Karpatane og elva Dnestr. Han var i starten ein sjølvstendig og seinare autonom stat som eksisterte frå 1300-talet til 1859, då han vart slått saman med Valakia, og danna grunnlaget for den moderne staten Romania. Staten inkluderte i periodar områda Bessarabia (med Budjak) og heile Bukovina. Den vestlege delen av Moldavia er i dag ein del av Romania, medan den austlege delen høyrer til den sjølvstendige staten Moldova, og den nordlege og søraustlege delen av regionen høyrer til Ukraina.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Moldavia» frå , den 7. juli 2008.