Beit Iksa (arabisk بيت إكسا, hebraisk skrift בית איכסא) er ein palestinsk landsby i Jerusalem guvernement, 6 kilometer nordvest for Jerusalem på Vestbreidda. Beit Iksa har 1 600 innbyggjarar og ligg i «Område B», som tyder at dei sivile sakene blir administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta, medan Det israelske forsvaret tar seg av tryggleiken.Village Profiles: Profile of Beit Iksa, Jerusalem SNs hjelpeorganisasjon. January 2004.

Historie I krossfarartida vart landsbyen kalla Jenanara.Clermont-Ganneau, 1899, vol. 1, s. 479

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina og i 1596 stod han oppført som Bayt Kisa i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 79 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer, frukttre, hagar, geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 121.

I 1841 bygde ein lokal leiar, Abd al-Qadir al-Khatib, ei osmansk borg sør i landsbyen, medan ein av brørne hans bygde ein mindre versjon fem år seinare.Sharon, 1999, s. 105 ff.

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og estimerte at han hadde 300 innbyggjarar. Han skreiv at området rundt var oppdyrka med vindruer og oliventre.Guérin, 1868, s. 256 I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine at «landsbyen var mellomstor, med steinhus, og ein brunn i nord, nær det heilage treet Neby Leimun. Det står nokre få oliven kring landsbyen.»Conder og Kitchener, 1883, s. 8

I 1945 hadde Bein Iksa eit folketal på 1 410, alle arabarar, med 8 179 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56 Av dette var 1 427 mål var plantasjar og irrigert land, 2 690 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101 medan 43 mål vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151

I april 1948 flykta dei fleste landsbybuarane etter Deir Yassin fall og Haganah-styrkar gjekk inn i landsbyen og øydela mange bygningar.Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.114 158

Demografi I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Beit Iksa eit folketal på kring 1 600 innbyggjarar i 2006.Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) Av dette er over 80 % palestinske flyktningar.

I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet styresmaktene, hadde «Bait Iksa» eit folketal på 791, alle muslimar,Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Jerusalem, s. 14 og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 1003, framleis alle muslimar, i 221 hus.Mills, 1932, s. 38

Folketalet voks til 1 410 i 1945.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beit Iksa» frå , den 29. september 2015. oppgav desse kjeldene:

s. 400

(p. 141)

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Velkomen til Bayt Iksa

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Jerusalem guvernement