Al-Ramadin (arabisk الرماضين) er ein palestinsk landsby som ligg 24 kilometer sørvest for Hebron og omfattar den mindre landsbyen 'Arab al-Fureijat i søraust.Ar Ramadin Village Profile. Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ). 2009. Landsbyen er ein del av Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde dei to landsbyane i lag eit folketal på 3 853 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.121.

Al-Ramadin og 'Arab al-Fureijat vart grunnlagd av beduinar som flykta frå det tradisjonelle området sitt i nærleiken av Beersheba i Negev for forstadane i ad-Dhahiriya. Namnet «al-Ramadin» kjem frå «Ramadan», patrikaren til hovudstamma som grunnla den moderne landsbyen etter den arabisk-israelske krigen i 1948.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Ramadien» frå , den 28. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda