Fandaqumiya, (arabisk الفندقومية, al-Fandaqumiyah, Pentakomia) er ein palestinsk landsby i Jenin guvernement nord på Vestbreidda, nordvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 363 innbyggjarar i 2006. Projected Mid -Year Population for Jenin guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå
Namn Det arabiske namnet på landsbyen, Al Fandaqumiyah (الفندقومي), er ei forvansking av det greske omgrepet Pentakomia: Komia tyder 'landsby' eller 'samfunn', medan penta tyder 'fem'. Pentakomia syner truleg til ei administrativ eining med fem landsbyar som ein gong var i området.Palmer, 1881, s. 182
Geografi Landsbyen ligg nord på Vestbreidda, langs vegen nordover frå Nablus til Jenin. Han ligg mellom dei gamle ruinane i Samaria og Sebaste og Sanurdalen. Han ligg òg i nærleiken av landsbyane Jaba og Silat ad-Dhahr, i tillegg til den tidlegare busetjingane Homesh og Sa-Nur, som vart fråflytta etter tilbaketrekkingsplanen til Israel.
Historie Dei tidlegaste funna i Fandaqumiya er mellom anna ei krukke i kvit leire med brende bein, som vart funnen i ei grav. Utforskinga av denne krukka av den arkeologiske avdelinga ved An-Najah nasjonaluniversitet indikerte at han er datert til yngre steinalder. Ein steinreiskap som var sirkelforma med eit hol i midten, vart funnen i lag med krukka, men ikkje datert.
Det er funne to myntar frå den greske perioden i landsbyen. Ein prutah prega av den hashmoneiske herskarn Aleksander Jannaeus mellom 103 og 76 fvt., i tillegg til ein gresk mynt frå Det ptolemaiske dynastiet datert til 300 fvt.
Det finst funn som syner at landsbyen blømde i tidleg i romersk og seinbysantinsk tid. Det er funne mange romerske og bysantinske myntar på staden, og mane grave frå den same tida i ei nærliggande høgd. I tillegg er det avdekt fleire karakteristiske romerske og bysantinske strukturar.
Ei heilag grotte ligg oppom landsbyen i sør, truleg eit eldgammalt kapell hogd ut i berget.Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 185
Landsbyen vart nemnt i krossfararkjelder i 1178.Rey, 1883, s. 426
I 1596 stod Fandaqumiyya oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 11 hushaldningar og 1 ungark, alle muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 125.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og 1870, og estimerte at han hadde kring 500 innbyggjarar. Han skreiv at staden låg i ei åsside. Her var riekeg med vatn og heile åssida var oppdyrka med vakre oliventre, fiken og granateple.Guérin, 1875, s. 216-217 I The Survey of Western Palestine (1882) vart Fendakumiyeh skildra som «ein særs liten landsby i ei åsside, med tre kjelder i sørvest, liten og myrlendt.»Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 155
I 1917 vart Fandaqumiya erobra av General Allenby og dei britiske styrkane hans frå osmanarane, og tre år seinare vart han ein del av det britiske Palestinamandatet.
Kort tid etter britane kom, bygde dei eit politifort på ein ås i nærleiken. Trass i at mange av innbyggjarane var tilsette i anleggsverksemda, var tilhøvet til dei britiske styrkane dårleg på grunn av krangel om skatt. Under arabaropprøret i Palstina 1936-1939 gjekk somme landsbybuarar til åtak på dei britiske soldtaane og landsbyen vart utsett for britiske represaliar.
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Fandaqumiya eit folketal på 327, alle muslimar.Barron, 1923, Table IX, Subdistrict of Jenin, Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 då El Fandaqumiya hadde 101 busette hus og eit folketal på 445, framleis alle muslimar.Mills, 1932, s. 68 I 1945 var folketalet 630 arabarar, med 4 079 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 54 885 mål vart nytta for plantasjar og irrigert land, 2 737 mål for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 98 medan 14 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 148
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Fandaqumiya styrt av Jordan. Al Fandaqumiya gjekk over til israelsk kontroll i lag med resten av Vestbreidda etter seksdagarskrigen i 1967, men sidan 1995 har han vorte administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fandaqumiya» frå , den 25. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til al-Fandaqumiya
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Jenin guvernement