Dombås kino er ein kino på Dombås i Innlandet. Kinoen vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Ei stor mengde tyske soldatar var stasjonert på Dombås under krigen, og kinoen vart bygd som eit velferdstiltak.

Etter krigen stod bygningen tom i nokre år før den vart tatt i bruk som forsamlingshus og kino. Bygningen er relativt uendra, og har høg verneverdi som eksempel på eit kinobygg frå okkupasjonstida. Dombås kino vart freda av Riksantikvaren i oktober 2015.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Dovre kommune, Dombås kino, forslag om fredning - Oppland fylkeskommune

Kategori:Kulturminne i Dovre Kategori:Kulturminne i Noreg frå andre verdskrigen Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Byggverk i Dovre