Qibya (arabisk skrift قبية, hebraisk skrift קיביה) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, 30 km nordvest for Ramallah og rett nord for den store israelske byen Modi'in. Han er ein del av Ramallah og al-Bireh guvernement, og hadde i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå eit folketal på kring 4 901 i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.113.

Historie Det er funne potteskar frå Romarriket, Austromarriket, mamelukkane og tidleg osmansk tid i landsbyen.Finkelstein et al, 1997, s. 174

Osmansk tid Qibya vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelista frå 1596 låg landsbyen i Ramla nahiya i Gaza liwa. Han hadde berre muslimske innbyggjarar fordelt på 29 hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, frukttre, linser, geiter og/eller bikubar og ei presse for oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 153

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen (då kalla Kibbiah), som «ei særs lita grend med oliventre, i høgt lende».Conder og Kitchener, 1882, s. 297

Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde landsbyen (kalla Kibbia) eit folketal på 694, alle muslimar.Barron, 1923, Table VII, Underdistrikt of Ramleh I folketeljinga i 1931 var folketalet i Qibya 909, framleis alle muslimar, i 204 busette hus.Mills, 1932, s. 22

I 1945 var folketalet i Qibya 1 250, alle arabarar, som eigde 16 504 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 68 4 788 mål vart nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 116 medan 32 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 166

Etter 1948 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Qibya under jordansk styre.

Massakre I oktober 1953 var Qibya målet for eit israelsk raid som vart kjend som Qibya-massakren. Denne vart utført av Eining 101, kommandert av Ariel Sharon. 67 eller 69 uvæpna sivile vart drepne og store delar av landbyen øydelagd. Den 18. oktober 1953 gav det amerikanske utanriksdepartementet ut ei pressemelding der dei uttrykte si «djupaste medkjensle for familiane til dei som mista liva sine» i Qibya i tillegg til at dei ansvarlege «bør haldast ansvarleg og effektive tiltak bør gjerast for å hindre slike hendingar i framtida.»The Department of State issued a statement on Oct. 18, 1953 (Department of State Bulletin, Oct. 26, 1953, s. 552). USA suspenderte all økonomisk støtte til Israel for ein periode.

Etter seksdagarskrigen i 1967 har Qibya vore under israelsk okkupasjon.

Qibya hamna i søkelyset til media igjen under valkampanjen i Israel i 2001, då Sharon vart den neste israelske statsministeren.Guardian From butcher to 'Lion' to Prime Minister in Israel av Jason Burke 4. februar 2001

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Qibya» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til Qibya

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement