mini|Lagbilete frå 1983

1. FC Lokomotive Leipzig er ein tysk fotballklubb frå Leipzig skipa 20. januar 1966, og, etter den hadde gått konkurs, i 2003.

På 1970- og 1980-talet var klubben ein av dei mest suksessrike i den austtyske toppdivisjonen, DDR-Oberliga. I 1987 spelte Lokomotive Leipzig seg fram finalen i Cupvinnarcupen, på stadion i Aten vart det tap 0-1 mot Ajax Amsterdam. Klubben nådde den austtyske cupfinalen sju gongar, og kunne bokføre fire cupsigrar. Den lukkast aldri å vinne det austtyske toppdivisjonen, tre gongar enda den på andreplassen.

Etter nyskipinga i 2003 har Lokomotive Leipzig einast spelt i lokale ligaer. Klubben spelar dei fleste heimekampane på Bruno-Plache-Stadion, der inntil 15 600 tilskodarar slepp inn. Laget spelar i gule trøyer og blå bukser.

=Merittar Tapande finalist i Cupvinnarcupen: 1987 Vinnar av den austtyske cupen: 1976, 1981, 1986 og 1987 Andreplass i den austtyske toppserie; 1967, 1986 og 1988

Kjelder Denne artikkelen bygger på «1. FC Lokomotive Leipzig» frå , den 22. september 2015.

Kategori:Tyske fotballag Kategori:Leipzig