Kharbatha al-Misbah (arabisk خربثا المصباح) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, 15 km vest for Ramallah i Ramallah og al-Bireh guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 5 211 i 2007.2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.113. I nærleiken ligg Beit Liqya i sør og Beit Ur at-Tahta i aust. Han vart styrt som ein landsbykommune.Historie of the Village Palestina Remembered.
Historie I 1883 skildra «Survey of Western Palestina» landsbyen, som då vart kalla Khurbetha ibn es Seba, som «ein liten landsby på ein rygg, med ein brunn i aust.»Conder og Kitchener, 1882, III, s. 15
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Kherbet al-Mesbah eit folketal på 369, alle muslimar. I folketeljinga i 1931 hadde dette auka til 488, framleis alle muslimar, i 121 busette hus.
I 1945 var folketalet i Khirbat el Misbah 600, alle arabarar, som eigde 4 438 mål land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 65 1 026 mål var plantasjar og irrigert land, 2 133 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 112 medan 25 mål var utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 162
Det ligg to moskéar i byen: Omri-moskeen og al-Kawthar-moskeen. Den førstenemnde vart bygd over ruinane av ei eldgammal kyrkje og renovert i 1965. Innafor kommunegrensa ligg eldgamle romerske graver og jødiske synagoger.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kharbatha al-Misbah» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkommen til Kh. al-Misbah Bilete
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda