Deir Istiya (arabisk دير إستيا) er ein palestinsk by med 3 106 innbyggjarar i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 15 km sørvest for Nablus og 7 km aust for Salfit. Det utbygde området dekkjer 74 mål, og det bur kring 30 familiar i den gamle delen av byen.
Historie Byen er kalla opp etter den nærliggande grava til Istiya som i følgje etnografen Tawfiq Kanaan og historikaren Moshe Sharon, er det arabiske namnet til Jesaja.Sharon, 2004, s. 64 I 1394 måtte Deir Istiya gje linser, olivenolje og mjøl som ei religiøs gåve (waqf) til Ibrahimi-moskeen i Hebron etter ordre frå mamelukk-sultanen Barquq.Sharon, 2004, s. 62-63 Etter mamelukktida i Palestina, har Deir Istiya vore eit senter for olivenbasert jordbruk. I dag ligg ein av dei største olivenlundane i landet her, nesten 10 000 mål.Focus of Cultural Heritage Programme of Assistance to the Palestinian People. s. 11-14.
Landsbyen var ein del av Sanjak Nablus i osmansk tid tidleg på 1500-talet. I 1596 stod Dayr Istya oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han eit folketal på 133 hushaldningar og 12 ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 136 Tidleg på 1600-talet vart Deir Istiya og den nærliggande Beit Wazan styrt av Qasim-familien, som kontrollerte Jamma'in og dei austlege områda av Sanjak Nablus. Qasim bygde festningsverk og gjorde Deir Istiya til den viktigaste basen sin i sør. Rayyan-klanen frå Majdal Yaba hadde òg ei viss makt over landsbyen.Schölch, 1993, s. 184. Under «borgarkrigstida» i Nablus-området (1853-57), drog Qasim-familien frå Deir Istiya og skal ha søkt tilflukt hos Nimr-familien i Nablus.Schölch, 1993, s. 215
I 1870 vitja den franske reisande Victor Guérin Deir Istiya og skreiv at landsbye hadde vore mykje større og truleg hadde vore busett sidan oldtida. Han skreiv at moskeen i Deir Istiya hadde marmorsøyler (somme med krusifiks inngravert) datert attende til kristen tid i Palestina.Sharon, 2004, s. 62Guerin, 1875, s. 160, partly translated in Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 315 In 1882 Deir Istiya was skildra som «ein stor landsby on high ground, surrounded with olive-groves, and supplied by cisterner.»Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 284
Nyare tid Britane erobra Palestina frå osmanarane i 1917, og i 1921 vart ein innbyggjar slått i hel offentleg i Deir Istiya for visstnok å ha hatt våpen. Britane oppretta ein skule i landsbyen i 1923 og under Det britiske mandatet var Deir Istiya ein av dei viktigaste landsbyane sentralt i det vestlege Samaria.Deir Istya Village Profile International Women's Peace Service.
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart han annektert av Jordan, og frå 1950 til 1960 vart Det palestinske kommunistpartiet stor i landsbyen, slik at han fekk det lokale kallenamnet «Vesle Berlin». Under seksdagarskrigen i 1967 mellom Israel og ein koalisjon av arabarstatar, vart landsbyen eit mål for israelske styrkar. Dei fleste innbyggjarane vart samla saman, med kvinner i moskeen og mennene på skulen, og borgarmeisteren Jamal Abu Hijleh måtte utføre israelske ordre i landsby.
Gjennom okkupasjonen til Israel, frå 1967 til 1990, flytta nesten halve folkesetnaden til Kuwait eller andre Gulfstatar. I 1970-åra auka den lokale motstandsrørsla i landsbyen, mellom anna med det palestinske flagget på flaggstengene, graffiti og blokkering av vegar. Som følgje av dette vart kring 50 mann arresterte i 1974 og sat seks månader til tre år i fengsel.
Israel natur- og parktilsyn oppretta eit naturreservat i Nahal Kana, som dekka privateigd palestinsk jordbruksland, som var oppdyrka fram til isrealske styresmakter erklærte det for ein park. Samstundes som palestinarane ikkje fekk lov å dyrke marka her, på grunn av statusen som naturreservat, vart det bygd israelske busetjingar i området, med ein veg gjennom parken.Zafrir Rinat, Israel's Civil Administration orders Palestinians to uproot 1 000 young olive trees in nature reserve,, i Haaretz, 1. mai, 2012.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Deir Istiya» frå , den 20. september 2015. oppgav desse kjeldene:
(s. 160, 173)
Bakgrunnsstoff Velkomen til Dayr Istiya
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Salfit guvernement