Kidrondalen (hebraisk נחל קדרון, Naḥal Qidron; òg Qidrondalen; arabisk وادي الجوز, Wadi al-Joz) er ein dal på austsida av Gamlebyen i Jerusalem, mellom Tempelhøgda og Oljeberget. Han held fram austover til Judeaørkenen, mot Daudehavet. Busetjinga Kedar har fått namn etter dalen, og ligg på ein rygg over Kirondalen. Bydelen Wadi al-Joz er kalla opp etter det arabiske namnet på dalen.Goffart, Walter. After Rome’s Fall. Toronto: University of Toronto Press, 1998.
Det ligg mange gravholer i dalen. Området, som ligg i utkanten av landsbyen Silwan, var ein av dei viktigaste gravplassane i Jerusalem i tida kring Det andre tempelet.Hachlili, Rachel. Jewish Funerary Customs, Practices and Rites in the Second Temple Period. Boston: Brill, Leiden, 2005. Fleire av desse gravene er nytta i seinare tid, anten som graver, eller som holer for eremittar og munkar i store klostersamfunn, som heldt til i Kidrondalen.Goodman, Martin. Jews in a Graeco-Roman World. Oxford: Clarendon Press, 1998. Dei gamle gravene i området tiltrekte seg merksemda til gamle reisande, mellom anna Benjamin frå Tudela.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kiron Valley» frå , den 17. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Dalar i Det gamle testamentet Kategori:Wadiar Kategori:Geografi i Jerusalem