Solovkiklosteret (russisk Соловецкий монастырь) er eit befesta tidlegare kloster på Solovkiøyane i Kvitsjøen i Nord-Russland. Det var eit av dei største kristne festningsverka i denne delen av Tsar-Russland, før styresmaktene i Sovjetunionen i 1926 gjorde det om til fange- og arbeidsleir, noko det var i 13 år. I dag er klosteret eit friluftsmuseum.

Solovkiklosteret vart grunnlagt i 1436. Dei mest sentrale bygningane i klosteret vart reist på 1500-talet, då Filip Kolysjev var hegumen (=abbed). Frå den tid var klosteret i lang tid eit viktig senter for ortodoks kristendom. Gjennom hundreåra vart festninga utsett for fleire mislukka angrep og kringsetjingar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Solovetsky Monastery» frå , den 16. september 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kloster i Russland Kategori:Museum i Russland Kategori:Arkhangelsk oblast