Kokhav Ya'akov (hebraisk skrift כּוֹכַב יַעֲקֹב, tyder «Jakobsstjerna») er ein religiøs kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg mellom Ramah in Benjamin og Bet-El nær al-Bireh, kring 10 minuttar med bil frå bydelane Pisgat Ze'ev og Neve Yaakov i Jerusalem. Han er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 var folketalet 5 600. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Historie Landsbyen vart grunnlagd i 1985 av Amana, og heitte først Abir Ya'akov etter rabbinaren Ya'akov Abuhatzeira. I 1988 vart namnet endra til Kokhav Ya'akov.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 15. september 2015.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1985 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune