Eli (hebraisk skrift עֵלִי) er ei stor, blanda kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Ho ligg nord for Jerusalem og Ramallah og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. Mot slutten av 2011 hadde ho eit folketal på 3 200.http://www.cbs.gov.il/ishuvim/ishuv2011/bycode.xls Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Eli vart grunnlagd den 11. september 1984, då tre familiar flytta inn i nye hus. I nyare år har landsbyen utvikla seg til å bli eit kommunesenter for Shilo-området.

Eli er kalla opp etter den bibelske høgstepresten som tente i Tabernakelet i nærleiken av bibelske Shiloh (1 Samuel 1:9).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eli, Mateh Binyamin» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Bnei David Military Yeshiva

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1984 Kategori:Blanda israelske busetjingar Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune