Nokdim (hebraisk skrift נוֹקְדִים, tyder Gjetarar) er ein fellesbusetnad og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda, sør for Betlehem og nord i Judeafjella. Det er eit blanda samfunn av sekulære og religiøse innbyggjarar, både innfødde israelarar og immigrantar med eit folketal på 1 308 (2009). Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Historie Nokdim vart grunnlagd den 5. juli 1982 av innbyggjarar frå Tekoa. Busetjinga heitte opphavleg El-David til minne om to innbyggjarar frå Tekoa - Eli Pressman, ein immigrant frå Frankrike som vart drepen i den libanesiske krigen i 1982, og David Rosenfeld, som styrte turiststaden ved Herodium og som vart myrda i juli 1982 av to av sine palestinske tilsette. Namnet vart avvist av styresmaktene som føreslo Nokdim. Dette vart godteke av innbyggjarane.

Namnet er henta frå bibelverset Amos 1:1, fordi Amos var blant gjetarane i Tekoa.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nokdim» frå , den 14. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Gush Etzion Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 Kategori:Gush Etzion regionale kommune