Revadim (hebraisk skrift רְבָדִים) er ein kibbutz i Israel på den sørlege kystsletta. Han høyrer til Yoav regionale kommune og er tilknytt Hashomer Hatza'ir-rørsla.
Historie Revadim vart først grunnlagd den 14. februar 1947 som den fjerde busetnaden i Etzion-blokka i Hebronåsane. Han vart grunnlagd av pionergruppa Tsabar på eit område kjøpt av Jewish National Fund i Ein Abu Zeid og Shuweika.Between Jerusalem and Hebron: Jewish Settlement i Pre-State Period, Yossi Katz, s.254-264.
Den 13. mai 1948 vart landsbyen jamna med jorda av den arabiske legionen. Overlevande vart tekne som fangar til Jordan. Kibbutzen vart grunnlagd på ny på ein ny stad den 28. november 1948. Dei frigjevne krigsfangane slo seg saman med immigrantar frå Bulgaria og andre land.Jewish Virtual Library: Revadim
I 2002 hadde Revadim eit folketal på 296. Økonomien er basert på turisme og småindustri.
Arkeologi Tel Miqne-Ekron er ein av dei største jernalderstadane i Israel. Arkeologar har oppdaga over 100 oljepresser der, i tillegg til Ekron-inskripsjonen, som identifiserer staden som den filistinske Ekron. Tel Miqne (Khirbat al-Muqanna') er datert til 1100-talet fvt. Byen er nemnt i Josva 13:2-3 og I Samuel 5:10 i høve Paktas ark. Etter filistrane kom til området, vart Ekron ein festningsby som forsynte Egypt og Assyria med 700 tonn olivenolje i året, og gjorde han til den største olivenoljeprodusenten i det antikke Midtausten. Dei rekonstruerte filstinske gatene syner oljepresser, ei pottemakarskive og ein vev, som syner til ein aktiv tekstilindustri.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Revadim» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Revadim homepage
Kategori:Jødiske landsbyar avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948 Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:1948 i Israel