Ein Gedi (hebraisk skrift עֵין גֶּדִי, tyder 'Geitekjekjelda') er ein kibbutz på vestsida av Daudehavet i Israel. Han ligg langs utkanten av Judeaørkenen ved den historiske staden Ein Gedi, og er kommunesenter i Tamar regionale kommune. I 2011 hadde kibbutzen 213 medlemmar.Ein Gedi gets a new lease on life

Ein Gedi driv hovudsakleg med jordbruk og turisme. Kibbutzen driv òg ein 100 mål stor botanisk hage som husar over 900 planteartar frå heile verda.

Historie mini|venstre|Botanisk hage langs kysten av Daudehavet. Kibbutzen vart grunnlagd i 1953 av avgangselevar frå sionistiske ungdomsrørsler og medlemmar av Nahal.Ein Gedi, A streamlined approach Han ligg på Den grøne linja som skilde Israel frå det Jordan-heldte Vestbreidda, og låg fullstendig isolert i ørkenen. Den nærmaste israelske landsbyen var fleire timar unna langs ein grusveg. Etter seksdagarskrigen i 1967, då Israel erobra Vestbreidda frå Jordan, vart det asfaltert ein veg frå Jerusalem via Jeriko og langs kysten av Daudehavet. Dette enda i røynda isolasjonen til kibbutzen og opna døra for utviklinga ein har i dag. I dag bur det 650 innbyggjarar i Ein Gedi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ein Gedi (kibbutz)» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (hebraisk)

Kategori:Kibbutzar Kategori:Tamar regionale kommune Kategori:Busetnader grunnlagde i 1956 Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1956 i Israel