Dorot (hebraisk skrift דּוֹרוֹת, tyder Generasjonar) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nær Sderot i Sha'ar HaNegev regionale kommune. In 2008, hadde han 454 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd under Hanukkah i 1941 av immigrantar frå Tyskland, som dyrka korn, frukttre og grønsaker. Jorderosjon var eit særleg stort problem for kibbutzen. Han vart kalla opp etter tre medlemmar av Hoz-familien Dov, Rikva og Tirtza, som omkom i ei bilulukke året før. Grunnleggjarane fekk seinare med seg innfødde israelarar og immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Latvia. I 1947 hadde han 300 innbyggjarar.

Sommaren 1946 vart Doroth og nabolandsbyen Ruhama okkupert av den britiske hæren. På leiting etter ulovlege våpen i landsbyen, gjorde dei britiske soldatane store materielle skadar. mini|venstre|Barn frå Dorot vert evakuerte i improviserte, pansra køyretøy frå kibbutzen, før eit venta egyptisk åtak i 1948.

Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 og slaget om Negev vart Dorot avskoren og måtte få forsyningar frå lufta fram til han vart frigjort i oktober 1948.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dorot» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Tysk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1941 Kategori:1941 i Palestina Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel