Bror Hayil (hebraisk skrift בְּרוֹר חַיִל) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nær Sderot og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2007 hadde han 462 innbyggjarar.
Etymologi Namnet Bror Hayil tyder «utval av soldatar» Det kan knytast til det jødiske opprøret mot romarane på første halvdel av 100-talet evt.The Days and the Seasons: Memoirs, Evyatar Friesel
Historie mini|Kibbutz Bror Hayil Det fanst ein jødisk landsby med dette namnet i Talmud-tida. Han var ein yeshiva som vart leia av rabbinaren Johanan ben Zakai.A Historie of the Jewish People, Abraham Malamat, Haim H. Ben-Sasson, Harvard University Press, page 332 I følgje Talmud var eit lys om natta i Bror Hayil eit teikn på at eit gutebarn hadde blitt fødd.
Den 10. april 1948, slo ei gruppe jødiske immigrantar frå Egypt leir på landområde kjøpt av Jewish National Fund. I følgje den israelske historikaren Benny Morris vart kibbutzen grunnlagd 18. mai, medan kibbutzen sjølv hevdar det var 5. mai. Etter mange av dei egptiske grunnleggjarane forsvann, vart han ein målkubbutz for den brasilianske greina av den sionistiske ungdomsrørsla Dror, og seinare Dror Habonim.Bror Hail, Negev Information Sentral I dag er mange av innbyggjarane immigrantar frå Brasil.
Bror Hayil var den einaste jødiske landsbyen som vart grunnlagd mellom delingsplanen til SN og den israelske sjølvstendeerklæringa.
Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Burayr. Morris, 2004, s. xx, settlement #6.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bror Hayil» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Egyptisk diaspora i Israel Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:Jødiske landsbyar i Palestinamandatet Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1948 i Israel