Eshbol (hebraisk skrift אֶשְׁבּוֹל, tyder 'kolbe') er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev nær Netivot og Rahat og høyrer til Merhavim regionale kommune. I 2006 hadde han 240 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i 1954 som ein gard av medlemmar av organisasjonen «Eshbol» som var immigrantar frå Iran. Namnet tyder kolbe, og syner til maiskolbe.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eshbol» frå , den 11. september 2015.

Bakgrunnsstoff Eshbol Negev Information Sentral

Kategori:Iransk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1954 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1954 i Israel