Be'er Ora (hebraisk skrift בְּאֵר אוֹרָה) er ein fellesbusetnad nær Eilat heilt sør i Israel. Han er ein del av Hevel Eilot regionale kommune. Han ligg i Arava-regionen, like vest for veg 90, nord for kibbutz Eilot, og sør for Elifaz og Timnaparken. I 2007 budde det 20 familiar der.
Historie Be'er Ora vart grunnlagd som eit ledd i ein plan om å busetje Arava og føre folk frå det sentrale Israel til Negev. Be'er Ora vart grunnlagd i 2001. Tidlegare låg Gadna militærbase her, òg kalla Be'er Ora.
Ordet «Be'er» tyder «vassbrunn». Før samfunnet vart grunnlagd, var det ein brunn i området som var den første ferskvasskjelda for Eilat, før Eilat var knytt til det nasjonale vassnettverket.
Ordet «Ora» (lys) er henta frå dei nærliggande Orafjella og Oraelva.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Be'er Ora» frå , den 10. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 2001 Kategori:2001 i Israel