Tzohar (hebraisk skrift צֹחַר) er ein fellesbusetnad og regionssenter sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 487 innbyggjarar.
Busetnaden vart grunnlagd i 1970 som eit regionssenter for landsbyane i Hevel Eshkol. Han vart kalla opp etter ein son av Simon, nemnt i Første Mosebok 46:10Genesis Chapter 46 bibelen.no - medan nabolandsbyen Ohad vart kalla opp etter broren, som er nemnt i same verset. I 1990-åra tok han i mot mange immigrantar frå Etiopia og det tidlegare Sovjetunionen. Mange av dei budde lenge i campingbilar og campingvogner.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tzochar» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tzochar Negev Information Sentral
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1970 Kategori:1970 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel