Idan (hebraisk skrift עִדָּן, òg skrive Iddan) er ein moshav i Arava-regionen sør i Israel. Han høyrer Sentral-Arava regionale kommune.
Historie Moshaven vart grunnlagd i 1980 av immigrantar frå Canada, USA og Sør-Afrika, som hadde organisert seg i 1976. Han vart kalla opp etter den nærliggande Idan-elva, som igjen fekk namn etter det arabiske namnet på elva, Wadi al-Aidan. I 2005 hadde han 150 innbyggjarar. Etter Den israelsk-jordanske fredsavtalen, vart noko av landområdet til Idan gjeve over til Jordan.
Plassering Mellom Idan og Hatzeva går ein teneste veg, kalla Fredsvegen. Jewish National Fund laga Fredsvegen langs grensa mellom Israel og Jordan, for innbyggjarane i det sentrale Arava, etter den israelsk-jordanske fredsavtalen vart underteikna i 1994. Vegen går langs foten av Aravaklippene, ovanom Edomfjella, og er omgjeve av åkrar og sandområde.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Idan, Israel» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikansk diaspora i Israel Kategori:Kanadisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Sentral-Arava regionale kommune Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Sørafrikansk diaspora i Israel