al-Sayyid eller al-Sayed (arabisk السيد; hebraisk skrift א-סייד) er ein beduin-landsby i Israel. Han ligg i Negevørkenen mellom Arad og Beersheba og like sør for Hura, og høyrer til al-Kasom regionale kommune. I 2012 var folketalet i landsbyen på 3 057.
Historie mini|venstre|Privathus i al-Sayyid. Den munnlege soga til stamma fortel at den første leiaren deira flytta til området frå Egypt ein gong i byrjinga av 1800-talet.al-Sayyid at the official Abu Basma regional kommune page (hebraisk) Dei slo seg ned mellom andre beduinstammer kring Beersheba og levde av landet der. Dei andre stammene nekta å gifte bort døtrene sine til al-Sayyid-klanen, som var kjende som «dei utanlandske fellahin.» Etter kvart klarte høvdingen i stamma å gifte bort sønene sine til kvinner frå Gaza-området. Men den låge sosiale statusen dei hadde gjorde at dei lenge vart avvist lokalt, så den neste generasjonen byrja å gifte seg med syskenbarn, ein trend som heldt fram i fem generasjonar. Sjølv i dag har andre stammer veto mot å ekteskap med al-Sayyid-klanen.One in twenty Haaretz, 2 June 2004
Dei sosiale skilnadane mellom stamma og naboane førte til motstand då det var planar om å legge landsbyen til den nærliggande byen Hura (som vart grunnlagd i 1989). I staden vart landsbyen plassert under Abu Basma regionale kommune. Han vart offisielt godkjend som busetnad av regjeringa den 29. september 2003.Government resolutions passed in recent years regarding arabarane population of Israel The Abraham Fund Initiative
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Sayyid, Israel» frå , den 7. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff al-Sayyid Abu Basma regionale kommune
Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Beduinstader i Israel Kategori:Al-Kasom regionale kommune Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel