Boyacastiftstjert (Synallaxis subpudica) er ein fugl i omnfuglfamilien. Han er endemisk for Colombia med kjent utbreiing avgrensa til eit lite område ved Bogota og nordaust for byen.

Skildring Boyacastiftstjerten er ein liten omnfugl med kroppslengd på rundt 17 til 18 centimeter inklusive den lange stjerten med to tuppar. Krona og vengefjørene er raudbrune, ryggen og stjerten brun, elles er denne stiftestjerten gråleg med innblanda brunt på undersida og med ein mørk strupeflekk.

Han lever helst i utkanten av skog og gjenreist skog, i utkanten av våt tåkeskog, mellom 2100 og 3200 moh.

Reiret er av småpinnar, overbygd med sideinngang og kan ligge i vegetasjonen rundt to meter over bakken.

Storleiken på populasjonen er rekna som stabil, men han er ikkje estimert. Arten er skildra som vanleg i utbreiingsområdet, og IUCN har kategorisert han som livskraftig, LC.BirdLife International (2015) Kjelder Remsen, J.V., Jr (2003). Silvery-throated Spinetail (Synallaxis subpudica) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. september 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Synallaxis subpudica . Henta frå http://www.birdlife.org den 5. september 2015 Referansar

Bakgrunnsstoff Bilete av boyacastiftstjert, Daniel Uribe/Flickr

Kategori:Omnfuglfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia