Yngve Helmer J. Hågensen () var leiar for Landsorganisasjonen frå 1989 til 2001.
Hågensen budde på barneheim som barn, fyrst i Vardø under andre verdskrigen, seinare i Bærum. Då han var 14 år gamal starta han å jobbe som visargut i Halden, og fekk seinare jobb på Saugbruksforeningen frå 1955 til 1969. Han vart aktiv innafor idrett og som speidar, og vart rekruttert til fagforeningsarbeid. Han fekk jobb som distriktssekretær for LO i Møre og Romsdal i fire år, frå 1969 til 1973 og fekk ein liknande jobb i Oslo og Akershus. Han jobba i sekretariatet i LO frå 1977 til 1989.
Bok Yngve Hågensen gav i 2004 ut boka Gjør din plikt, krev din rett! der han skriv om barndomen sin og sitt yrkesliv. I boka legg han heller ikkje fingrane imellom der han fortel om kampane mot Gro Harlem Brundtland og andre samheldstopper. Gjør din plikt, krev din rett! (2004) Hågensen, Yngve og Ekeberg, Jan Ove – Tiden forlag. ISBN 9788203229695
Bakgrunnsstoff
Norgesdokumentasjon har intervju med Hågensen
Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:LO-leiarar Kategori:Folk frå Vardø