Ga'ash (hebraisk skrift גַּעַשׁ, tyder Storm) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han er kalla opp etter det bibelske fjellet GaashCarta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.159 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk) som låg ved sidan av grava til Josva i Efraim (Josva 24:30). Han ligg nord for Tel Aviv og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 515 innbyggjarar.
Kibbutzen vart grunnlagd den 5. juli 1951 av ei gruppe immigrantar frå Sør-Amerika som var medlemmar av den latinamerikanske «A-gruppa» til Hashomer Hatzair. Grunnleggjarane hadde forsvart Negba under den arabisk-israelske krigen i 1948, og hadde danna kibbutzen ved Ahli Kahsem nær Bnei Zion i november 1949.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ga'ash» frå , den 3. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1951 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Søramerikansk diaspora i Israel Kategori:1951 i Israel