Mazor (hebraisk skrift מָזוֹר, tyder 'Kur') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta kring 3 km søraust for Petah Tikva og dekkjer 2 300 dekar og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 1 294.

Historie mini|venstre|Columbarium i Mazor-mausoleet. Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Ungarn og av innfødde israelarar. Han vart opphavleg kalla Mizra Har (hebraisk skrift מזרע הר, tyder Sådd eng på eit fjell), men vart seinare kalla Mazor, eit namn som kom frå den avfolka arabiske landsbyen al-Muzayri'a. Den første tida i Mazor er tema i ein historisk roman, Kfar BaSfar («Ein landsby på grensa») av Gershon Erich Steiner, ein av grunnleggjarane av Mazor.About Mazor Homee

Mazor vart grunnlagd på landområde som høyrer til den avfolka arabiske landsbyen Rantiya, og det vestlege landområdet til al-Muzayri'a.Khalidi, p399

Aust for moshaven ligg ein arkeologiske stad med eit romersk mausoleum frå 200-talet. Mausoleet er den einaste bygningen frå romartida i Israel som framleis står frå fundamentet til taket. Det vart funne eit mosaikkgolv frå bysantinsk tid ikkje langt frå mausoleet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mazor» frå , den 1. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tsjekkisk diaspora i Israel Kategori:Ungarsk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Slovakisk diaspora i Israel