Mikhail Zjelev () var ein bulgarsk hinder- og landistanseløpar. Han vart europameister i 3 000 meter hinder i 1969.

Aktiv Zjelev deltok ved europameisterskapen 1966 i Budapest, utan å gå vidare frå forsøksløpar. Frå 1967 til 1971 vann han derimot tre strake hindersigrar i Balkanleikane, i 1967 sigra han også på 10 000-meter og i 1969 på 5 000 meter.

OL-sesongen 1968 forbetra Zjelev den personlege rekorden til 8.36,8 og overraska med å verte nummer seks i hindertevlinga under dei olympiske leikane i Mexico-byen hausten 1968.

Under europameisterskapen 1969 i Aten gjorde Zjelev sitt livs løp og vann gullmedaljen på tida 8.25,0, seks tidels sekund framom Aleksandr Morozov frå Sovjetunionen. Også i 1970-sesongen høyrde han til den absolutte verdstoppen i øvinga, sigerstida 8.29,4 i ein semifinale i europacupen for landslag var den beste oppnådd av ein europear, einast to australiarar sprang fortare i 1970.

Zjelev var sjanselaus på å nå hinderfinalen då EM 1971 fann stad i Helsinki. Under Sommar-OL 1972 i München kvalifiserte han seg til finalen, men enda som 12. og sistemann.

Zjelev vart bulgarsk meister på 3 000 m hinder i 1966, 1968–1970, samt 1974. Han vart elles bulgarsk meister på 10 000 meter i 1968, og på 5000 meter i 1969 og 1970.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1966 i Budapest: Utslått i forsøksløpa (8.52,0 =nr 17) OL 1968 i Mexico-byen: Nr 6 – 8.58,4 EM 1969 i Aten: Gullmedalje – 8.25,0, framom Aleksandr Morozov (8.25,6) EM 1971 i Helsinki: Utslått i forsøksløpa (8.50,6 =nr 27 ) OL 1972 i München: Nr 12 – 9.02,6

Kjelder Friidrott 69, 71, 72, 73.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Bulgarske friidrettsutøvarar Kategori:Hinderløparar Kategori:Langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Bulgaria Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972