Ny illustreret Tidende var eit norsk vekeblad som kom ut 1874–1890.

Bladet vart grunnlagt i 1874 av H.J. Jensen etter førebilete av det danske Illustreret Tidende frå 1859. I Sverige fanst også eit liknande blad, Ny Illustrerad Tidning (1865–1900). Gjennom åra var desse redaktørar for det norske bladet: Kristian Anastas Winter-Hjelm 1874-1879 (han skreiv seinare namnet sitt Winterhjelm) Knud Claussen januar 1880 Henrik Jæger januar-juli 1880 Jens B. Halvorsen juli 1880-februar 1883 Constantius Flood februar 1883-januar 1886 Fredrik M. Wallem 1886-1890

Bladet vart lagt ned i 1890.

Kjelder Salmonsens konversationsleksikon, 2. utg., bind XII, s. 234. København: J. H. Schultz, 1922. Norske tidsskrifter : bibliografi over periodiske skrifter i Norge inntil 1920 ved Projekt Runeberg

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:Aviser skipa i 1874 Kategori:Aviser nedlagde i 1890 Kategori:1874 i Noreg Kategori:1890 i Noreg