Peder Morset folkehøgskole er ein frilyndt folkehøgskole som ligg i Selbu kommune i Trøndelag fylke.
Skolen tar imot 68 elevar i året og er eigd av Peder Morset stiftelse, der rådet har representantar frå Sør-Trøndelag fylkeskommune, Selbu kommune og Norsk forbund for Utviklingshemmede. Skolen har 40 elevplassar som er reserverte for elevar med lett utviklingshemming.
Peder Morset folkehøgskole vart oppretta i 1976 for å gi eit skoletilbod til menneske med ulike utviklingshemmingar, som utgjer to tredeler av elevmassen til skolen. I 1977 vart nybygde lokale tekne i bruk. I 2011 stod nye internat ferdige med enkeltrom med bad på alle rom.
Linjefag ved skolen i 2015: Arbeid i praksis Digitale media Event, ledelse og relasjonskompetanse Flexi Hestesport Jakt og fiske Kunst og design Multisport og friluftsliv
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Folkehøgskular i Trøndelag Kategori:Selbu kommune Kategori:Skipingar i 1976