Bielas komet var ein komet med ei omløpstid på 6,6 år. Han vart oppdaga av den tyske kapteinen Wilhelm von Biela (1782–1856) i 1826. Bielas komet er det mest kjende dømet på øydelegginga av ein komet. Før 1846 var han heilt normal, men dette året delte kjernen seg i to, og brotstykka fjerna seg raskt frå kvarandre. Då dei vart sett neste gongen, var avstanden mellom dei auka til 2,5 mill. km. Seinare er han ikkje observert, men i staden viste det seg ein sterk meteorsverm (Bielidane eller Andromedidane) då jorda kom nær den tidlegare banen (særleg intens i 1872 og 1885). Kometkjernen hadde altså oppløyst seg i ein sverm av meteorittar. Planetperturbasjonar har no endra banen til svermen og han blir ikkje lenger observert.
Kjelder Bielas Komet. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015 frå https://snl.no/Bielas_komet.
Bakgrunnsstoff 3D på Gary W. Kronk's Cometography Banesimulering frå JPL (Java)
Kategori:Øydelagde kometar 17720308 AP003