Yargelis Savigne Herrera () er ein kubansk lengde- og tresteghoppar frå Niceto Pérez i Guantanamo-provinsen. Ho vart verdsmeister i tresteghopp både i 2007 og 2009, i 2005 tok ho sølvmedaljen i same øvinga.

Aktiv Savigne fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2005-sesongen. Under VM i friidrett 2005 i Helsinki valde ho å stille opp i både lengde- og trestegtevlinga, som junior hadde ho satsa på lengdehopp. I tresteghopp sikra ho seg sølvmedaljen med eit bestehopp på 14,82 meter, medan ho i lengdetevlinga enda på fjerdeplassen med 6,69 meter, ei plassering som åtte år seinare vart omgjort til bronsemedalje då Tatjana Kotova sitt sølvhopp vart annullert.

Under VM i friidrett 2007 i Osaka gjorde Savigne sitt livs lengste tresteghopp på 15,28 m og vann gullmedaljen framom russiske Tatjana Lebedeva. Våren 2008 vann ho tresteg også under innandørs-VM i Valencia, medan ho vart nummer fem då dei kvinneleg treseteghopparane møtteste til dyst under Sommar-OL 2008 i Beijing.

Savigne forsvarte VM-tittelen i tresteghopp då VM i friidrett 2009 fann stad i Berlin. Med 14,95 m vann ho ein klar siger framom landskvinna Mabel Gay, som sikra kubansk dobbeltsiger.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM i 2005 i Helsinki: Sølvmedalje i tresteghopp, bronsemedalje (frå 2013) i lengdehopp VM 2007 i Osaka: Gullmedalje i tresteghopp - 15,28 m, framom Tatjana Lebedeva (15,07 m) OL 2008 i Beijing: Nr 5 i tresteghopp - 15,05 m VM 2009 i Berlin: Gullmedalje i tresteghopp - 14,95 m, framom Mabel Gay (14,61 m) VM 2011 i Daegu: Nr 5 i tresteghopp - 14,50 m OL 2012 i London: Nr 9 i tresteghopp - 14,12 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yargelis Savigne» frå , den 17. august 2015.

World Athletics

Kategori:Cubanske lengdehopparar Kategori:Cubanske tresteghopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Cuba Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012