mini|Grava til Kuznetsov i Moskva Vasilij Dmitrijevitsj Kuznetsov () var ein russisk friidrettsutøvar frå Kalikino i Rjazan oblast som representerte Sovjetunionen. Han vann gullmedaljen i tikamp i tre etterfylgjande europameisterskap i friidrett, samt to bronsemdaljar i same i OL 1956 og 1960.

Aktiv Kuznetsov var i eit tiår den klart beste europeiske mangekjemparen. Han vart fyrste gongen europameister i tikamp i Bern i 1954, og forsvarte EM-tittelen i Stockholm 1958 og Beograd 1962. Kuznetsov er den einaste utøvaren som har vunne tikampøvinga i tre europameisterskap. I 1956 vann han bronsemedaljen under Sommar-OL i Melbourne, fire år seinare kopierte han prestasjonen då sommarleikane fann stad i Roma. I 1964 vart han nummer sju under OL i Tokyo.

Den 18. mai 1958 i Krasnodar forbetra Kuznetsov verdsrekorden i tikamp til 8 014 poeng (7 653 poeng etter gjeldande poengtabell). Rafer Johnson frå USA tok tilbake verdsrekorden i slutten av juli same året, før Kuznetsov den 17. mai 1959 oppnådde 8 357 poeng (=7 839 p). Verdsrekorden beheldt han til Johnson i juli 1960 vart USA-meister i tikamp.

Kuznetsov var vitskapleg medarbeidar på sportsuniversitet i Moskva. Han døydde der i byen av kreft, 69 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1954 i Bern: Gullmedalje - 6 752 poeng, framom Torbjörn Lassenius (6 424 p) OL 1956 i Melbourne: Bronsemedalje - 7 465 poeng EM 1958 i Stockholm: Gullmedalje - 7 865 poeng, framom Uno Palu (7 329 p) OL 1960 i Roma: Bronsemedalje - 7 809 poeng EM 1962 i Beograd: Gullmedalje - 8 026 poeng, framom Werner von Moltke (8 022 p) OL 1964 i Tokyo: Nr 7 - 7 569 poeng

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wassili Dmitrijewitsch Kusnezow» frå , den 9. august 2015.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964