Bodhrán (uttalt /ˈbɔːrɑːn/ eller /ˈbaʊrɑːn/) er eit irsk perkusjonsinstrument. Bodhrán er ei rammetromme med eit skinn, ei einfellstromme. Ein speler som regel på henne med ei enkelt trommestikke som ein kan bruka ei eller to sider av; speling med handa er også mogleg.

Instrumentet blei opphavleg brukt i rituelle samanhengar og opptog, men frå midten av 1900-talet har ho fått ei sentral rolle som rytmeinstrument i irsk folkemusikk.

Sjå òg Runebomme

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bodhran» frå , og «Bodhran» frå den 7. august 2015.

Kategori:Perkusjonsinstrument Kategori:Handtrommer Kategori:Irske musikkinstrument Kategori:Irsk folkemusikk Kategori:Irske ord og uttrykk