Rødde folkehøgskole er ein kristeleg folkehøgskule som ligg på Melhus i Trøndelag fylke. Skulen tar imot vel 100 elevar i året og er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. Mot slutten av kvart skuleår arranger skulen ein tur til Portugal for alle elevane.

Rødde folkehøgskole har tre internat – 28 dobbeltrom med bad, 18 dobbeltrom utan bad og nokre få enkeltrom. Skulebygget har mellom anna gymsal, styrkerom, klatrevegg, innspelingsstudio, lydtett bandrom og kinorom.

Skulen vart skipa i 1920, som Rødde ungdomsskole. I 1972 vart namnet endra til Rødde folkehøgskole.

Linjefag skoleåret 2026/2027

Adventure Tanzania Apologetikk og Action Beats Production Buldring Fontainebleau Content og Action Freeride Japan

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folkehøgskular i Trøndelag Kategori:Kristne skular i Noreg Kategori:Melhus kommune Kategori:Skipingar i 1920